Oktober '22: Kjøpekrafta stuper på Cuba

Kyrkjelydane i Bjørgvin bispedøme og Normisjon jobbar for å sende mat, hygieneartiklar, brukte klede og syklar til samarbeidskyrkja si på Cuba før jul. Biskopen vil ha Cuba-støtte som avskjedsgåve.

Det er for det meste tomt i kjølediskane i valutabutikken i Santiago de Cuba. Foto: Kjell Ove Hatlem

I byrjinga av 2021 gjennomførte den kubanske regjeringa fleire økonomiske reformer. Pensjonar og løner til offentleg tilsette vart 3-5 dobla. Prisane gjekk òg tilsvarande opp i 2021. I 2022 har det i tillegg vore tosifra inflasjon. På mindre enn to år, har verdien av ei månadsløn blitt redusert med 80%. – Dette er dramatisk og det er vanskeleg for oss å setja oss inn i kor krevjande kvardagen er for dei fleste cubanarane, seier biskop Halvor Nordhaug som gjennom tett kontakt med Den lutherske kyrkja på Cuba, blant anna med eit besøk der i mai, følgjer nøye med på situasjonen i landet.

Rasjonering

Gjennom rasjoneringsheftet sitt får alle cubanarar månadleg kjøpe «ei korg» med ei viss mengde av «basisvarer» til 1.528 pesos. Offisielt skal kvoten dekke behovet for ein månad, og minstepensjonen er sett til prisen på korga. For dei fleste rekk kvoten likevel berre 15-20 dagar. Mange veker er det ikkje kylling, frosenfisk eller annan proteinmat når folk kjem fram til disken. For å kjøpe det som manglar og for å leve resten av månaden må dei handle i statlege valutabutikkar, der prisane berre aukar medan hyllene blir stadig tommare. Eller dei handlar til høge prisar hjå private «på gata». Minst 70% av maten på Cuba, og det meste anna, er importert.

Sidan ein må ha euro eller dollar for å få tak i nok varer, er vekslingskursen viktig. Sjølv ein liten familie med eit barn på tre år, der mor og far har «høgtlønsyrker» som høvesvis lege og advokat, slit veldig med å få endane til å møtast,  I byringa av 2021, hadde foreldra brukbar kjøpekraft med månadsløner tilsvarande 200 dollar kvar. Men same månadsløna gjev no berre 40 dollar. Når prisane samstundes har auka, er kjøpekrafta redusert til under 20% av verdien for knapt to år sidan. Folk på minsteløn, som eksempelvis pastorar i kyrkja vi samarbeider med, har i same perioden opplevd at verdien av månadsløna deira er redusert frå 84 til 17 dollar.

Ekstrem fattigdom

FN seier at folk som har mindre enn 2,15 dollar per dag å leve for, er i «ekstrem fattigdom». Svært mange av kubanarane har no hamna i den gruppa. Det er ein av grunnane til at utvandringa til USA siste 12 månadene har nådd dei høgste nivåa siste 60 åra. Folk set seg i gjeld og betaler 8.000 dollar og meir for å bli smugla inn. Mange familiar på Cuba overlever ved hjelp av gåver frå dei som alt er komne til «det lova landet».

Sender container

Bjørgvin bispedøme har eit venskapssamarbeid med den lutherske kyrka på Cuba gjennom Normisjon. Saman jobbar vi for å sende ein container med mat, hygieneartiklar, brukte klede og syklar til samarbeidskyrkja vår på Cuba før jul. Vi gjev òg månadleg lønsstøtte til pastorar og andre tilsette i kyrka. I 2021 finansierte vi, saman med nokre andre, hjelpesending med 1.6 tonn medisinar som gjekk til helsevesenet i dei tre østlege provinsane på Cuba.

Biskop Halvor Nordhaug, i desse dagar på avskjedsrunde i bispedømet, har gjeve klar beskjed om at avskjedsgåva han ynsker er bidrag til hjelpesendingane og venskapssamarbeidet. 

På heimesidene til Bjørgvin bispedøme finn du korleis vippse di støtte til hjelpesendinga til Cuba. Konkret informasjon om korleis du kan engasjera deg elles kjem så snart som mogeleg, vonleg den siste veka i oktober. Det vil bli samla inn nokre syklar, symaskiner, PC-ar, mobilar, klede og sko. 

Meir informasjon

På www.Normisjon.no kan du lese artikkelen «Misjonale kirker på Cuba - Normisjon» og meir om det som skjer i landet.

Skjema som viser konsekvensen av valutakursen for ulike stillingskategoriar på Cuba

Av Kjell Ove Hatlem, Rådgjevar diakoni og samfunn, Bjørgvin bispedøme. Hatlem har vitja Cuba 30 gonger dei siste 17 åra, stort sett på forretningsreiser eller i møte med kyrkjelydar. Var med å starta KRIK-liknande arbeid på Cuba i 2014 saman med KRIK i Gand menighet. Er Normisjon sin landansvarlege for Cuba. Han snakkar godt spansk etter å ha budd sju år i Spania.

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"